Tuesday 16 February 2010

42 dagar

Siste dag i India brukte me på sightseeing i Delhi, her fekk me igjen privatsjåfør som kjørte oss rundt til attraksjon etter attraksjon, enten fekk me knipsa frå bilen i det me suste forbi attraksjonane, eller fekk me gå rundt å vandre litt på måfå til me vart lei av å knipse. Men i likhet med dei andre byane me har besøkt fekk me og her streng beskjed når me skulle ta bilder "This is very nice picture, no one knows about it", og viss me ikkje tok bilde i løpet av dei første 5 sekundene "Why you don´t take picture? You don´t like palace?". I tillegg fekk me smaken på å vere kjendis, då me på mange av attraksjonane møtte på heile barneskular som omringa oss i ekte paparazzistil. Litt verre var det når gutte-ungdomsskulane med mobilkamera ankom, då såg me oss beint nødt til å flykte scena med 50 fans springande og knipsande etter oss.
Merkeleg å tenke på at no har me vert ute på reis i 42 dagar. Har opplevd sinnsjukt mye sfantastisk og me har storkost oss heile vegen. Kjem nok til å se tilbake på dei glade reisedagar med store smil om munnen i lang tid framover. Men akkurat no er alt som står i hodene på oss å komme oss til Melbourne. Me har pakka ryggsekken for siste gong på ei god stund, og etter 2 år med planlegging, husresearch på nett, gleding og kribling i heile kroppen etter å komme seg til Aussie, så er dagen endelig komen. 16 februar klokko 20.30 ankommer Hoppetausene australsk jord og då kjem da til å bli gledeshopping av domensjonar.
See you in anotha life brotha´!

No comments:

Post a Comment