Tuesday 19 January 2010

Big big buddha!

Hoppetausene har då komt seg trygt fram til Hong Kong og storkose seg i den fine storbyen! Etter orden og fullstendig kontroll i Tokyo har me no fått smaka litt på ordentlig asia-kaos, sånn som me egentlig hadde sett for oss me måtte begi oss ut på både i Tokyo og her, så var ganske så artig å få vere med på det egentlig:) Dei første tre dagane her har me sett den nydelige skylinen, vert på space museum, ete den beste maten så langt på turen (!!!loveit), kjørt rundt på turistbusstur og trikketur, vert på toppen av Victoria Peak og sett den flotte utsikten, besøkt to kjente marked og ikkje minst har me dreve med diverse fotokos. I dag reiste me på ei lita utflukt til Lantau Island der me såg den største Buddhaen i sitt slag! Han var rimelig stor, flott og skinnande og me blei alle store fans. Etterpå besøkte me eit tempel, åt italiensk is, såg store fine fontener, åt ein utmerka middag på den nye stampen (stamplassen) og avslutta den flotte dagen med den storslagne utsikten av Hong Kong by night.

3 comments: